Vikebladet Vestposten

2017 var eit år med mange hendingar i dekningsområdet til Vikebladet Vestposten. Det var det året Karsten Warholm tok VM-gull, ishavsskuta Polarstar kom heim til Brandal, Ulstein Arena opna, Kleven-konsernet fekk nye eigarar og NRK spelte inn tv-serien Heimebane på Høddvoll. Det var også det året Hareid og Ulstein hadde høg arbeidsløyse, Ulstein innførte eigedomsskatt, Hareid kom seg ut av Robeklista og Hødd ikkje klarte å rykke opp til første divisjon. Også internt i avisa var det endringar: Våren 2017 fekk Vikebladet Vestposten ny leiarmodell. Redaktør og dagleg leiar er no ein og same person. Vi som jobbar i lokalavisa opplever at avisa framleis har stor verdi og gjer ein viktig jobb i lokalsamfunnet.

Fakta
Samlet opplag 3660
Utgiversted Ulsteinvik
Ansvarlig redaktør Linda Eikrem (46)
Hareid og Ulstein
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag
Daglige lesere totalt
12000
Daglige brukere på nett
6200
Daglige brukere på mobil
3800
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3220
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 43
  • Antall kommentarer
  • 5
  • Antall innlegg på nett
  • 20
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 46
  • Antall leserinnlegg
  • 402

    Mål og prioriteringar

    Vikebladet Vestposten skal vere ein viktig og synleg aktør i lokalsamfunnet. Målet er å setje dagsorden, ha saker som engasjerer innbyggarane og la flest mogleg få kome til orde. Målet er også å spegle det mangfaldige samfunnet vi dekkjer, det gjeld både næringsliv, kulturliv og samfunnsliv. Vi skal setje fingeren på det som ikkje fungerer i lokalsamfunnet, men vi skal også fortelje suksesshistoriene om dei som lukkast. Vi skal vere nær lesarane våre, senke terskelen for å snakke i lokalavisa. Vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter og på nett skal vi halde fram med å vere den største nyheitsportalen på Søre Sunnmøre. Målet er å få endå fleire av lesarane til å bruke det digitalet tilbodet vi har, og sjølvsagt også å få nye lesarar.  Vikebladet Vestposten skal rett og slett vere eit “must” for dei som bur i Hareid og Ulstein.

    Også i 2017 kom avisa ut med tre papiraviser i veka, samstundes som vikebladet.no er døgnope. Vi som jobbar her føler nok ofte at tida ikkje strekk til, at vi ikkje får følgt opp alle saker slik vi kunne ha tenkt oss.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Ifølgje Ver Varsam-plakaten er samfunnsoppdraget tredelt: vi skal informere om det som skjer, opne for debatt og overvake dei som sit med makta i samfunnet. 

    På vikebladet.no ser vi at lesarane ventar at vi skal vere raskt ute med hendingsnyheiter. Er det til dømes brannutrykking, ser vi at lesartala sprett i vêret. I tillegg til å følgje politi og 110-sentralen på twitter, er vi avhengige av tips og sosiale media for å få med oss slike hendingar. Og i 2017 var saker som handla om ulukker, leiteaksjonar, ferjetrøbbel og lovbrot dei mest lesne på nettsida vår. 

    Vikebladet Vestposten følgjer lokalpolitikken tett, og har journalist på alle formannskaps- og kommunestyremøte i både Hareid og Ulstein. Vi meiner det er viktig å følgje med på dei som bestemmer i kommunane og å fortelje lesarane kva som vert sagt og avgjort på desse møta. Vi opplever at mange av lesarinnlegga handlar nettopp om saker som vert behandla av administrasjon og politikarar i dei to kommunane. 

    Ulstein Arena er døme på eit kommunalt prosjekt som har skapt engasjement. Bygget i Ulsteinvik sentrum vart opna tidleg i desember 2017, og har symjehall, bibliotek, klatrehall og idrettshall. i skrivande stund er det uklart kva totalprisen blir, og prosjekteringsgruppa har saksøkt Ulstein kommune. Avisa opplevde fleire gongar at Ulstein kommune ville halde opplysningar og dokument om prosjektet hemmeleg. Ein klage til fylkesmannen førte delvis fram: Vikebladet Vestposten fekk delvis medhald i klagen på at avisa vart nekta innsyn i tilrådinga frå formannskapet om overskridingane i Ulstein Arena-prosjektet. 

    Då kommunestyret i Ulstein vedtok å innføre eigedomsskatt, avslørte avisa at administrasjon og politikarar hadde brukt feil utrekningsgrunnlag. Det førte til at det måtte kallast inn til eit ekstraordinært kommunestyremøte i romjula. 

    Også 2017 var prega av omstilling i næringslivet. Arbeidsløysa både i Hareid og Ulstein var mellom dei høgaste i landet. Mange mista jobben eller var permitterte. Som lokalavis har det vore utfordrande å gjere denne gruppa synleg. Mange skammar seg over å vere utan jobb. 

    Den tradisjonsrike familiebedrifta Kleven Verft fekk nye eigarar, mellom dei Petter A. Stordalen gjennom Hurtigruten AS. 

    Den såkalla mobbesaka i Ulstein fekk nasjonal merksemd. Kommunen vart også i lagmannsretten dømt til å betale erstatning til Glen Børge Løset Flø, som saksøkte kommunen for at han vart mobba i grunnskulen. Vikebladet Vestposten var til stade og formidla fortløpande på nett då ankesaka vart behandla i lagmannsretten. 

    Mange vil nok trekke fram VM-gullet til Karsten Warholm som den største enkelthendinga i 2017. Vi dekte det grundig, men opplevde det frustrerande å vere så langt frå VM-arenaen i London. Det tok mange dagar før vi fekk eit intervju (på telefon) med Warholm. 

    Å la flest mogleg kome til orde er eit evig prosjekt. I ein kvardag med stort produksjonspress er det raskt å ty til kjelder ein har snakka med før. Då endar ein gjerne med dei såkalla elitekjeldene, dei som sit med makt. Målet er å få endå fleire “vanlege menneske” i tale. 

    I tillegg kan det nemnast at vi i 2017 hadde eit eige bilag i samband med Smak av Ulstein, eigne temasider om Ulsteinmessa og vi samarbeidde om temasider om hus, heim, hage og interiør med Møre-Nytt.

    Legg til i min rapport

    Mest lesne saker

    Topp ti saker totalt:

    1. Fann død person etter leiteaksjon– 15.162
    2. Ulukke i Kvalnestunnelen – 13.165
    3. Gløymde bilane under dekk – 12.624
    4. Mistanke om gruppevaldtekt – 11.134
    5. Leiteaksjon på Dimnøya – 10.585
    6. Mann erklært død – 9.494
    7. Lokkar barn inn i bilen – 9232 *Frå 2016
    8. Har du sett David? – 9048
    9. Ullensvang har kollidert med moloen – 9024
    10. Sjå den spektakulære Sande-filmen – 8744 *Frå 2015

    Topp ti saker «for abonnentar»:

    1. – Ein av dei største dagane i Ulstein si historie– 1703
    2. Desse får jobb – 1352
    3. Vil hente søppel sjeldnare – 1214
    4. Følg opprykksdramaet her – 1112 (men ikkje meir enn 198 unike brukarar)
    5. Naboar protesterte mot bustadblokk – 1089
    6. Håper å unngå rettsak – 1058
    7. Godtok ikkje tilbodet frå Løset Flø – 1031
    8. Her er dei dyraste eigedomane i 2016 – 952
    9. Dyr morgon for bilistar – 920
    10. Ikkje næringslivet sitt ansvar – 898

    Legg til i min rapport

    Utvikling papir og nett

    Vikebladet Vestposten fekk hausten 2017 ein reduksjon i dei redaksjonelle ressursane: tidlegare redaktør gjekk av med AFP medan redaktør og dagleg leiar no er EI stilling. Dette er utfordrande, sidan vi har eit mål om minst tolv oppdateringar på nett i døgnet og tre papiraviser i veka. 

    2017 var det første heile året med betaling på vikebladet.no. I redaksjonen er det ei felles forståing for kva saker som skal vere opne og kva saker som skal vere for abonnentar. Mot slutten av året hadde nettsida i snitt rundt 40 prosent del +-saker på øvre tredjedel av fronten.

    Målet er å få endå fleire av Komplettabonnentane til å bruke også det digitale tilbodet. Éin måte kan vere å sleppe fleire av sakene frå papiravisene på nett til dømes dagen/kvelden før avisa kjem ut.

    Sosiale media er også ein fin måte å nå ut til lesarane på. Vi ser at det på Facebook-sida til avisa ofte vert heftige diskusjonar rundt sakene vi lenkar til.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Kurs

    Journalist Ingvild Aursøy Måseide deltok på eit todagars mobilvideokurs hos IJ i Fredrikstad våren 2017.

    Journalist Ole-Ottar Høgstavoll vart valt til ny leiar i Møre og Romsdal Journalistlag hausten 2017.

    Etikk

    I ei avisa med lite, avgrensa dekningsområde melder det seg stadig etiske dilemma.

    Til dømes i kriminalsaker: kor mykje informasjon kan vi gje utan å identifisere gjerningsperson og fornærma? Skal vi skrive kommunenamn? Alder? Nasjonalitet? Kjønn?

    Spesielt i ein tidleg fase i slike saker er dette viktig å diskutere.

    Det er ikkje til å skjule at dei tilsette har eit stort produksjonspress og oftast kort tid til deadline. Målet er å få ned talet på einkjeldesaker, og å gje kjelder rimeleg med tid til å svare, for å oppfyle kravet til tilsvar og samtidig imøtegåing.

    Vikebladet Vestposten vart ikkje klaga inn for PFU i 2017.

     

    Linda Eikrem,

    ansvarleg redaktør og dagleg leiar

    Legg til i min rapport