Det er jamlege redaksjonsmøte i Vestlandsnytt. Der prøvar vi å få tid til å snakke om neste avis og evaluere gårsdagens avis. Diskusjonar om aktuelle saker eller emne vil det også vere rom for. Ein redaksjon samansett av røynde og ikkje fullt så røynde journalistar har også godt av erfaringsutveksling. Korleis presentere saker, kvifor, korleis å fylgje opp med meire.
Journalist Josefine Spiro deltok i mai på konferansen «Fortellingens kraft», i privat regi. Det kan nemnast at redaksjonen består av to relativt nyleg fagutdanna journalistar som begge kan skilte med bra erfaring, samt ein svært rutinert journalist, i tillegg til redaktøren.
Etikk
Vestlandsnytt fekk i 2017 ein PFU-klage. Ein kommunal einingsleiar klaga Vestlandsnytt inn etter at omtale i eit par lesarinnlegg frå ein kommunestyrepolitikar. Innsendaren meinte ho ikkje burde ha vore namngjeven, og eventuelt ha fått retten til samstundes motsvar på innlegga. Vestlandsnytt svara på si side med at debatten var ein del av ei løpande meiningsutveksling over tid, og i tillegg at ein som einingsleiar må rekne med å bli omtala, også med namns nemning. PFU frifann Vestlandsnytt på alle punkt.
Om ikkje anna var dette eit fint høve for redaksjonen å ta ein gjennomgang av og diskutere dei etiske prinsippa rundt desse punkta i Vær Varsam-plakaten. Vi vart frifunne her, men samstundes var det ei viktig påminning for oss om å vere «på alterten».
Generelt: Ved ein del høve har vi slurva litt når det gjeld innhentinga av faktaopplysingar til sakene. Det kan kome litt på grunn av tidspress, der kvantitet ofte, og dessverre, kan trumfe kvalitet. Vi ser at det er viktig å gje dei redaksjonelt tilsette tid til og rom for å presentere sakene best mogleg. Hastverk er og blir lastverk.
Kjeldebruk/falske nyhende
Vi har ikkje hatt konkrete forsøk på at redaksjonen har vore forsøkt villeia eller lurt. Men det har skjedd tidlegare at det er sendt e-postar under falskt namn i eit forsøk på å få inn lesarinnlegg i betente saker. Falske nyheiter vil nok vere vanskelege å få inn i ei avis der dei fleste forhold er temmeleg oversiktlege.
Uansett er det viktig å ha eit kritisk blikk til det meste. Her under kjem også bruk av kjelder, der vi ofte ser kor viktig det er med fleire kjelder, for å få eit mest mogleg korrekt bilde av det vi omtalar. At kjeldene ofte er gjengangarar, er ei klassisk utfordring. Målet må vere at vi har breiast mogleg kontaktnett og dermed også høvet til å fange opp saker utanom «A4», noko som vil styrke avisa sin integritet.
Endre Vorren
Ansvarleg redaktør
Vestlandsnytt