Sunnmøringen

Sunnmøringen sitt primære dekningsområde er Stranda kommune, som omfattar bygdelaga Stranda tettstad, Geiranger, Liabygda og Sunnylven. Vi dekkjer hendingar gjennom papiravisa, som kjem ut ein gong i veka på torsdagar. Vi har òg ei nettavis som blir jamleg oppdatert i løpet av døgeret, med òg aktuelle saker frå nabokommunane til Stranda – som Hornindal, Norddal, Stryn og Stordal. Sunnmøringen var i mange år ei avis som kom ut to dagar i veka, onsdag og laurdag. I mai 2016 endra vi frekvens til ein gong i veka. Dette har frigjort ressursar i redaksjonen til fokus på nettarbeid, og har gitt eit fyldigare produkt på papir til våre lesarar. I fjor sende Sunnmøringen sin redaksjon til saman 1060 sider til prent, i tillegg til å ha ei oppdatert nettavis.

I samband med frekvensendringa i 2016 kom det inn fleire negative reaksjonar til redaksjonen. Lesarane frykta å få eit dårlegare produkt, spesielt var kuttet av laurdagsavisa noko som skapte stort engasjement. Sunnmøringen må erkjenne at annonsemengda har gått ned hjå oss, slik som i andre mediehus. Likevel har vi valt å satse på å gi våre lesarar meir redaksjonelt stoff, noko fordelinga mellom redaksjonell tekst og annonsar viser. Vi vågar påstanden om at Sunnmøringen gir sine lesarar valuta for pengane, noko vi òg konkret ser på at opplaget er på veg oppover.

Redaksjonen har tre redaksjonelle tilsette, som inkluderer redaktør/dagleg leiar og to journalistar. I medio februar fekk Sunnmøringen eit redaktørskifte, ved at Johan Behrentz konstituert då Bjørn Arild Hatlem gjekk over i ei ny stilling eksternt. Avisa kan ikkje drivast tilfredsstillande med færre redaksjonelle tilsette. Vi er i utgangen av 2017 så heldig stilt at vi har tilgang på fleire frilansarar enn lenge, noko som letnar på arbeidspresset for dei fast tilsette journalistane. Grafisk og marknadstenester blir utført av faste medarbeidarar i Sunnmørsposten.

Fakta
Samlet opplag 1648
Utgiversted Stranda
Ansvarlig redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær (41)
Stranda
Kommer ut Torsdag
Daglige lesere totalt
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1060
  • Redaksjonelle årsverk
  • 3
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 43
  • Antall kommentarer
  • 2
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 40

    Mål og prioriteringar

    Sunnmøringen si rolle er å vere leiande og uavhengig nyhendeformidlar, både på papir og digitalt for alle som har tilknyting til Stranda.

    Vi skal vere først og best på vår eigen banehalvdel, anten det gjeld viktige nyhende eller andre stoffområde innan politikk, næringsliv, organisasjonsliv og idrett/kultur.

    Ønsket til Sunnmøringen er at vi gir eit representativt bilete av det mylderet av aktivitet som til ein kvar tid føregår lokalt. Vi ønskjer å bygge identitet, og å skape engasjement – både om kvar Stranda er no, og kvar Stranda er på veg vidare. Kommunen er prega av eit næringsliv som går godt, administrativ og politisk styring som gjer at kommunen er på veg ut av Robek-lista – og av mange frivillige som gjer ein stor innsats for lokalsamfunnet. Alt dette har sin rettmessige plass både på papir og på nett.

    Barn og unge er eit sentralt fokusområde for Sunnmøringen. Ved å lage saker som engasjerer barn og unge, legg vi grunnen for å halde oppe interessa for Sunnmøringen både på papir og på nett for oppveksande strandarar.

    Sunnmøringen inngjekk i 2017 avtale om stoffsamarbeid, noko som i redaksjonen blir vurdert som viktig for å gi våre lesarar eit endå betre produkt. Vi er ein liten og sårbar redaksjon, med eit stort geografisk dekningsområde. Det er vanskeleg å vere overalt. I staden for å sjå på dei omkringliggande avisene som konkurrentar, har det vore eit uttalt mål frå redaksjonen i Sunnmøringen at vi heller vil samarbeide. Sunnmøringen sin redaksjon har fått til eit godt samarbeid med avisene både internt i Polaris-konsernet, til dømes Fjordingen og Sunnmørsposten. Vi har òg eit godt samarbeid med uavhengige aviser, som Storfjordnytt i Norddal kommune og Sykkylvsbladet i Sykkylven.

    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Sunnmøringen si samfunnsrolle er å løfte fram viktige, lokale saker. Vi skal både synleggjere alt det positive som skjer lokalt, og ha eit kritisk blikk på det som er mindre bra. 

    Vi følger administrasjonen og politiske utval i kommunen tett. Stranda kommune er framleis ein Robek-kommune, og dei økonomiske disponeringane til kommunen både i budsjettarbeid og i løpande saker gjennom året er viktig å følge. 

    Sunnmøringen har ved fleire høve klaga Stranda kommune inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal, både kva gjeld møtelukking og manglande innsyn i dokument. Dette medførte i 2017 at kommunestyret bad kontrollutvalet i Stranda kommune om å gjennomgå korleis kommunen praktiserte reglane om offentlegheit i forvaltinga. Sunnmøringen opplever at Stranda kommune har tatt grep kva gjeld meiroffentlegheit, men kjem til å fortsette med fokus på innsyn då dette er ein vesentleg del av samfunnsoppdraget til Sunnmøringen. 

    I 2017 synleggjorde Sunnmøringen fleire problematiske sider ved å vere ein liten kommune i innbyggartal. Stranda kommune har ikkje vedteke å slå seg saman med andre kommunar, noko som vil gi økonomiske konsekvensar i åra framover. Samtidig har kommunen vanskar med rekruttering, og å skaffe nok kompetanse til ulike fagområde. Sunnmøringen har på leiarplass og i artiklar påpeika uheldige konsekvensar av å vere små. 

    Samtidig er det slik at ein i små lokalsamfunn finn ein mange menneske som gjer ein uvurderleg innsats for heimplassen sin. Vi har gjennom året løfta fram fleire døme på slik frivillig innsats, mellom anna med omtale av opprustinga av Den Trondhjemske Postvei i Stranda. Vi har òg gitt brei dekning til ulike tiltak som har bidratt til å skape aktivitet og engasjement i dei fire bygdelaga våre – som Hellesyltdagane, Strandalaurdagen, masterplan for Geiranger og diskusjonen rundt kva liabygdarane sjølve ønsker for bygda si. 

    I 2017 har vi hatt kontinuerleg fokus på utviklinga i næringslivet i Stranda, som tidlegare. Mellom anna har vi fortalt om Orkla si satsing i Stranda, kor dei i 2017 gjekk ut med informasjon om at dei skal investere 500 millionar kroner i Svemorka over dei neste åra. 

    Næringslivet i Stranda er heldigare stilt enn mange andre stader, med ein sterk matvareindustri som i noko grad er mindre avhengig av konjunkturane enn andre delar av næringslivet – som til dømes offshorenæringa, som fleire kommunar på Søre Sunnmøre har opplevd.

    Legg til i min rapport

    Mest lest

    Legg til i min rapport

    Frå papir til nett

    Sunnmøringen har hatt ei nettløysing i fleire år. Den har i all hovudsak vore ope. Vi har dei siste åra gått over til å tilby fleire lukka saker for våre abonnentar, gjennom det vi kallar pluss-løysingar. I desse sakene har vi moglegheiter for å skrive lange saker, samt å legge ut video. 

    Vi ser at nesten alle våre abonnentar har registrert seg som SpID-brukarar, men likevel ikkje bruker løysinga. Forskjellen i nettrafikk på opne og lukka saker er påtakeleg, og ganske naturleg – men likevel ikkje tilfredsstillande. Utfordringa framover blir å få fleire av abonnentane til å bruke pluss-løysingane. Vi informerer om plussløysingane både i direkte kontakt med abonnentane, og merkar dessutan tydeleg sakene vi vel å legge ut på Facebook med “for våre abonnentar”. 

    For å halde og drive trafikken på nett, er det viktig å vere “på” ved hendingar. Vi legg ut hendingsnyhende fort, og følger opp med lukka saker i etterkant. Vi legg òg ut samfunnsinformasjon – som til dømes meldingar om vassbrot og liknande – ut ope. Dette ser vi dreg nettrafikken opp. 

    Vi prøver å ha ein jamn rytme på utlegg på nett, men arbeidskvardagen tillèt ikkje alltid at mønsteret blir følgt. Framover vil fokuset på jamn flyt på avisa si heimeside vere høg, og vi har gjennom året vridd frå å prioritere avis til å prioritere nett. Dette kjem til å fortsette. Vi ønsker òg å tilby ei mest mogleg differensiert løysing mellom avis og nett, altså at nettet og avisa ikkje inneheld nøyaktig det same. Vi må tilby ein meirverdi, uansett om du føretrekker avis eller nett. Ei differensiert løysing vil etter redaktøren si meining bidra til dette.

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Redaksjonen har i år halden eit fotokurs, etter å ha fått tilbod frå LLA. Framover vil redaktøren prøve å få til kurs i samarbeid med SMP lab, og andre løysingar som kan gagne redaksjonen.

    Utfordringa er igjen at redaksjonen er liten, og at vi dermed er sårbare. Redaktøren vil likevel søke å få kompetanseutvikling inn i bedrifta, med å mellom anna sjå til LLA og til IJ når det er kurs som er relevante for lokalavisa.

    Etikk

    Sunnmøringen vart i 2017 meldt til PFU i eitt høve. Klaga var frå ein lesarskribent som meinte seg sensurert av Sunnmøringen, fordi vi refuserte fleire av lesarinnlegga frå vedkommande. Saka vart avvist av PFU, då det er redaktøren sin rett å refusere lesarinnlegg jamfør Redaktørplakaten.

    Sunnmøringen sitt dekningsområde er stort i geografi, men lite i folketal. Som redaksjon må vi av og til gå nokre ekstra rundar før vi publiserer, spesielt i saker som omhandlar kriminelle forhold eller andre kritikkverdige forhold.

    Vi må vere svært merksame på at vi ikkje utset uskuldig tredjepart for belasting gjennom å ikkje vere nøye med å anonymisere til dømes rettsreferat vi skriv til publisering. Eit anna etisk dilemma er at vi er tett på kjeldene i ei lita bygd, og samtidig ein del av lokalmiljøet. Då er det viktig at vi opptrer på ein måte som ikkje sår tvil om vår uavhengige rolle, og at vi viser god kjeldekritikk. Vi har som hovudregel at vi ikkje aksepterer anonyme innlegg frå våre lesarar til prent eller til nett.

    Sunnmøringen har opplevd å få oppmodingar om ikkje å publisere saker, samt forsøk på inngriping i korleis vi omtaler saker. I slike høve er det viktig å vise til Sunnmøringen sin rett og plikt til å opptre uavhengig, som nedfelt i fråsegnene i Ver varsam-plakaten og redaktør-plakaten.

    Redaktørplakaten og Ver varsam-plakaten er i så måte trygge hamner for ei lokalavis i eit lite lokalmiljø når vi opplever press. Vi er uavhengige, og skal bli verande uavhengige. Vi skal opptre på ein måte som er ryddig, med eit klart etisk fokus. Slik skal vi skilje oss i positiv forstand frå andre publiseringskanalar som ikkje er redaktørstyrte, som til dømes bloggar og sosiale media.

    Kritiske refleksjonar

    Sunnmøringen har ein liten redaksjon, samtidig med at vi har eit geografisk stort dekningsområde med fire bygdelag i kommunen. Dette byr på utfordringar. Spesielt dekninga av hendingar i bygdelaget Geiranger byr på utfordringar, då det tek tid å kome seg inn til bygda. Dekninga av Geiranger har blitt prioritert på viktige saker for bygda og kommunen, som reguleringsplan, cruiseturisme og ulike viktige utviklingsutfordringar i verdsarvbygda.
    Utfordringa med Geiranger eksisterer både på sommar- og vintertid. Vintertid er FV63 rasfarleg, noko vi nok ein gong fekk oppleve fleire gonger vinteren 2017. Dette fører til lengre reiseveg, og lengre tidsbruk ved reportasje i Geiranger. Vi må difor prioritere strengt ved reportasjereise til Geiranger. I sommarsesongen er utfordringa at bygda er ein stor turistmagnet, og at vi blir ståande og stampe i kø både på ferja og ut/inn av Geiranger.

    Sunnmøringen har i 2017 berre 40 innlegg på lesarsidene i avisa. Dette er etter redaksjonen si vurdering for dårleg. Vi kjem i 2018 til å gå bredt ut for å prøve å stimulere til debatt i avisa i større grad enn situasjonen er no – med å be om konkrete innspel mellom anna frå politikarar, frivillige lag/organisasjonar og andre samfunnsengasjerte strandarar.

    Ein liten redaksjon må erkjenne at ein har avgrensa moglegheiter til reine graveprosjekt. Sjølv om vi i høg grad har hatt fokus på innsyn og offentleg forvaltning, er det ei erkjenning hjå redaksjonen at dette tek tid vekk frå produksjonen. I 2017 var mellom anna både djupvasskai-saka og saka rundt kommunen sitt engasjement i utbygging av industriområdet i Svemorka oppe i kontrollutvalet. Dette hadde redaksjonen ikkje ressursar til å grave i, dessutan var det forhold som til dels låg både ti og femten år tilbake i tid–og ein god del av informasjonen var vidare unntatt offentlegheit.

     

    Renate Furre Henriksen-Sandvær

    Ansvarleg redaktør 

    Sunnmøringen

    Legg til i min rapport