Møre-Nytt

Møre-Nytt held til Ørsta, og dekkjer både Ørsta og Volda kommunar. Avisa sitt slagord er «Nummer ein i Ørsta-Volda». Møre-Nytt vart etablert i 1935, og kom med nettavis hausten 2011. Møre-Nytt har sju årsverk, fire journalistar og to marknadskonsulentar. I 2017 fekk avisa ny leiarmodell, med ny eineleiar (redaktør og dagleg leiar)





Fakta
Samlet opplag 4560
Utgiversted Ørsta
Ansvarlig redaktør Svein Aam (57)
Ørsta og Volda
Kommer ut Tysdag, torsdag og laurdag.
Daglige lesere totalt
9400
Daglige brukere på nett
2500
Daglige brukere på mobil
9400
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3708
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 51
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 30
  • Refuserte innlegg på nett
  • 1
  • Antall gjestekommentarer
  • 26
  • Antall leserinnlegg
  • 280

    Mål og prioriteringar

    Møre-Nytt har ein dominerande posisjon i utgjevarkommunen Ørsta, men tek og mål av seg til å gi eit godt tilbod til lesarar i nabokommunen Volda. Utviklinga går mot ei stadig tettare integrering av Ørsta og Volda, og i 2017 byrja vi å bruke slagordet «Nummer 1 i Ørsta-Volda».

    Møre-Nytt skal prioritere stoff som gjeld Ørsta, men må samstundes vere best på regionale saker som gjeld Ørsta-Volda, og andre fellessaker. Vi skal vere størst, først og best, og vi skal setje dagsorden.

    Nettavisa innførte betalingsmur i oktober 2016, og opplevde fall i lesartal dei neste månadane. Men i andre halvår 2017 auka nettrafikken igjen, og låg godt over fjoråret. I løpet av 2017 har vi hatt ein meir offensiv publiseringsstrategi på Morenytt.no, og den må utviklast vidare.

    Eit hovudmål er å få fleire abonnentar til å nytte det digitale tilbodet, og å rekruttere nye abonnentar via morenytt.no.

    Møre-Nytt vert ståande med ein forholdsvis stor opplagsnedgang i 2017. Noko av dette kan forklarast med at opplagstala for 2016, som viste ein liten opplagsauke, truleg var basert på ein reknefeil. Dermed er ein reell nedgang for 2016 først registrert for 2017. Opplagsutviklinga snudde til oppgang i løpet av hausten. Målet er å halde oppe denne utviklinga.

    Legg til i min rapport

    Samfunnsrolla til avisa

    Møre-Nytt har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Møre-Nytt set pris på lesarane, og lesarane set pris på avisa. Det må vi ta vare på og utvikle til også å gjelde nye lesargrupper. Møre-Nytt skal stå på lokalsamfunnet si side, men også framheve og kjempe for saker som har regional betydning. Det siste tiåret har det skjedd store endringar innan kommunikasjon på Søre Sunnmøre/Nordfjord. Difor får lokalavisene ei stadig viktigare rolle i den regionale utviklinga.

    Dei uavhengige media er under press, men samtundes er behovet for sakleg, uavhengig og allsidig informasjon større enn nokon gong. Mange prøver å påverke innhaldet i avisa. Informasjonsstraumar frå både det offentlege og private aktørar vert meir og meir styrt og kontrollert av profesjonelle kommunikasjonsaktørar. Vi ser og at store medieaktørar trekkjer seg inn mot byane. Difor vert lokalavisene stadig viktigare for lokaldemokratiet og lokalsamfunna.

    Møre-Nytt sitt nedslagsområde omfattar både Ørsta og Volda, to integrerte kommunar som i praksis er den fjerde største byen i Møre og Romsdal. I Volda kjem avisa Møre ut. Møre har det siste året hatt meir og meir stoff frå Ørsta, spesielt kommunalt stoff. Samstundes skal Møre-Nytt vere «Nummer 1 i Ørsta-Volda». Vi har dermed eit situasjon med to aviser i tilnærma same dekningsområde. Denne konkurransesituasjonen er spennande.

    Medan Møre-Nytt er knytt til eit mediekonsern i rivande utvikling er Møre ei tradisjonell og familieeigd lokalavis. Møre-Nytt skal vinne konkurransen med Møre ved stå fram med den ryddigaste og mest truverdige journalistikken. Møre-Nytt vil legge stor vekt på å etterleve redaktørplakaten og dei presseetiske reglane. Lesarane skal vere trygge på at det er tydelege skille mellom redaksjonelt stoff, innsendt stoff og betalt innhald.

    Den mest omtalte saka i Møre-Nytt 2016 handlar ytre sett om ei gate skal vere einvegskøyrd eller stengt med bom. Med saka utvikla seg til ein politisk følgjetong og ein nabokonflikt, både fordi rådmannen bur i området, og fordi samfunnsutvalet i kommunen har handtert saka klønete. I denne saka har det og vore konfliktar knytt til om politiske møte skal vere lukka eller ikkje. Her har Møre-Nytt stått på sine rettar, og fått full støtte frå kommunen sitt kontrollutval i ettertid.

    Ei anna stor sak i 2017 gjeld spørsmålet om ein krins i Ørsta (Bjørke og Viddal) skal melde flytting til den nye Volda kommune (Volda og Hornindal). Ørsta vil i så fall miste både innbyggjarar og millioninntekter frå kraftproduksjon. Her har Møre-Nytt og konkurrenten Møre i Volda kvart sitt perspektiv, noko som er bra for lesarane.

    Legg til i min rapport

    Ti av dei mest leste sakene på nett.

    1. I sommar forvilla ein turistbuss seg inn i Aldalen og køyrde seg bom fast i dei krappe Vatnesvingane. Saka vart den mest leste på morenytt.no i 2017, med 17.500 visningar.
    2. I november døydde ein mann etter å ha bli påkøyrd av ein bil i Åmdalen. (16.981visningar)
    3. I april vart lappar som oppmoda om deltaking i demonstrasjon mot homofile lagt ut i postkasser i Volda. Det viste seg å vere ein spøk. (16.684 visningar.)
    4. I byrjinga av mai kom Aune Sand på besøk til Ørsta og Volda. I tillegg til å ha utstilling gav han vekk kunst til ein verdi av 500.000 kroner til Hjørundfjordheimen og Volda sjukehus som fekk «kunstsjokk». (9.059 visningar)
    5. I september vart over 2.000 bilar kontrollerte på E39 i Ørsta. Storkontrollen varte i ti timar og alle bilane som køyrde på vegen vart stoppa.
    6. Pastor Hans Reite sitt åtak mot homofile skapte stort engasjement, og førte mellom anna til at sokneprestane i Ørsta skreiv eit innlegg som vart mykje lest.
    7. I oktober vart Ørsta-Volda Pride skipa.
    8. I september gjekk politiet ut med ei video av ei forbikøyring i Barstadvik ei til skrekk og åtvaring.
    9. I september var det mange sjeldne og dyre bilar å sjå på Sæbø. Ein privat samlar var på rundreise med bilane, og dei fekk mykje merksemd.
    10. Gjenopninga av utestaden Porsekjellaren i Volda var populært lesestoff. 
    Legg til i min rapport

    Digital utvikling

    Møre-Nytt var forsøksavis for lukka nettavis frå 2011 (først i landet). Historia viste at ein var for tidleg ute. Nettet vart så opna opp att, for deretter å bli gradvis lukka (plusstrategi frå oktober 2016). Alle desse endringane har nok gjort sitt til at Møre-Nytt ikkje har lukkast i like stor grad med si nettutgåve som sine naboaviser i Polaris (til dømes Vikebladet). Våre lesartal burde vore større ut frå folketalet i dekningsområdet, og vi burde selt fleire abonnement via nettet.

    Gjeldande policy i konsernet er å lukke fleire saker, og det vil også Møre-Nytt gjere. Kunsten er då å halde oppe nettrafikken, og helst auke enno meir, sidan det burde vere potensiale for det.

    På eitt digtitalt område har vi lukkast godt. Møre-Nytt si Facebook- side har hatt stor vekst i talet på følgarar, og vi opplever eit frisk debatt rundt aktuelle saker frå avisa, som vert lagt ut på Møre-Nytt si Facebook-side. Denne debatten fører igjen til nye saker i avis/nettavis. Saker som har skapt debatt er planar om bomring i Ørsta-Volda, planar om nytt opplegg for boshenting og pastor Hans Reite sitt syn på homofili.

    Ei av dei sakene som skapte mest oppstyr på rådhuset i Ørsta var overskrifta «Pengane renn ut i Ørsta». Overskrifta var basert på det faktum at kommunen sitt investeringsbudsjett for 2017 er ekspansivt. Kommuneleiinga oppfatta dette som om Møre-Nytt meinte at det var uansvarleg pengebruk, men det var ikkje intensjonen. Saka viste etter redaktøren sitt syn at det er låg terskel for kva kommuneleiinga i Ørsta oppfattar som negativ omtale.

    Møre-Nytt har fire journalistar og ein redaktør som også er dagleg leiar. Den nye leiarmodellen fører til at redaktøren har mindre tid til redaksjonelt arbeid enn det som låg tidlegare i stillinga. Alle redaksjonelle støttefunksjonar er vekke, og journalistane/redaktøren må bruke mykje arbeidstid knytt til produksjon/deskarbeid/ dagleg drift. Samstundes er det aukande krav knytt til nettavisa. Dermed vert det mindre tid til å drive fram eigne saker, oppsøke fleire kjelder og å kome seg ut av kontoret for å møte folk.

    Det er vanskeleg å satse sterkare på nett utan at det går ut over papiravisa. Det er eit dilemma så lenge papirutgåva står så sterkt i lokalsamfunnet som det Møre-Nytt gjer, både i forhold til lesarar og annonsørar.

    Etikk

    Møre-Nytt har ikkje hatt PFU-saker i 2017.

    Svein Aam, ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport