Kommunestruktur
Etter at saka vart politisk vedteken forsommaren 2016, har det vore klart at Hornindal vert del av Volda kommune frå 1. januar 2020, medan Stryn vert ståande åleine. Dette etter at Stryn sa nei til å slå seg saman med Hornindal og Volda, og Hornindal i valet mellom Stryn eller Volda valde å slå seg saman med Volda.
I etterkant av vedtaket kom det opp søknad om grensejustering av eit område i Hornindal som ligg inntil Stryn kommune. Initiativtakarane ønskte primært heile Kjøs overført frå Hornindal til Stryn, men la inn ein sekundær søknad om at berre grenda Maurset vert overført til Stryn, dersom departementet ikkje ville overføre heile krinsen.
Rett før jul kom Fylkesmannen med sin tilråding om å overføre heile Kjøs til Stryn kommune. Dette var mot Hornindal kommune si tilråding, men samsvarte med kva Stryn kommune hadde tilrådd i sitt høyringssvar til Fylkesmannen. Blant innbyggjarane i Kjøs var det eit lite fleirtal i krinsen sett under eitt som ønskte å tilhøyre Hornindal, medan det var eit solid fleirtal blant innbyggjarane på Maurset om å gå over til Stryn.
Rett etter nyttår 2018 fastslo kommunalminister Jan Tore Sanner at berre Maurset skulle overførast til Stryn, medan resten av krinsen skulle forbli i Hornindal. Sanner la i si avgjerd vekt på at dette var fleirtalet si meining, og at dette er ei løysing som gir dei fleste kortast avstand til kommunale tenestetilbod også i framtida.
Fjordingen har brukt mykje spalteplass på denne saka også i 2017. På leiarplass tok avisa eit prinsipielt standpunkt om at det måtte vere fleirtalet i krinsen sitt syn som måtte vinne fram. På redaksjonell plass er saka gitt brei dekning, der dei som søkte om grensejustering har kome godt til med sine synspunkt.
Både ordførar og varaordførar i Stryn har gitt klart uttrykk for, i Fjordingen sine spalter, at dei mislikar sterkt Fjordingen sitt standpunkt på leiarplass. Redaktøren er på sin side klar på at han ikkje hadde gjort jobben sin, om han skulle gått ut med støtte til eit mindretalet som ønskte heile krinsen overført frå Hornindal til Stryn. Dette ville vere etter redaktøren sitt syn vere ein særs dårleg behandling av det fleirtalet som aldri har hatt noko ønske om å byte kommune.
Himmelferden
Bygginga og opninga av gondolbana Loen Skylift, frå fjorden i Loen til fjellet Hoven 1.011 meter over havet, har vore den største reiselivssaka i den store reiselivskommunen Stryn i 2017. Pendelbana vart opna av Dronning Sonja 20. mai 2017. Etterpå tok alt bokstavaleg talt av, i forhold til prognoser laga på førehand. Budsjettet for første år med gondolbane var 55.000 besøkjande. Då året var omme, hadde Loen Skylift hatt 92.000 besøkjande, og suksessen var eit faktum. Ein viktig årsak til at gondolbana er blitt suksess, er det store nettverket av tilrettelagde stiar på fjellet innafor toppstasjonen for gondolbana. Her kan folk i alle aldrar og i god som dårleg fysisk form kome opp og oppleve stor naturglede anten ein vil gå langt eller berre rusle ein tur og nyte utsikt og frisk luft.
Naturkrefter
24.juli 2017 vil bli hugsa som den store uversnatta i bygda Utvik i Stryn kommune. Enorme nedbørsmengder kombinert med eit mange timar samanhengjande kraftig torever forvandla på kort tid den idylliske jordbruksbygda til eit frådande inferno av vatn. Elvane fann nye vegar, raserte riks- og fylkesvegar og gjorde på få timar enorme øydeleggingar på vegar, private eigedomar og infrastruktur. Fylkesvegen 60 som er livsnerva gjennom bygda vart fullstendig rasert og vart ikkje opna att før to månader etter storflaumen. Hus og landbrukseigedomar fekk store skader. Det same fekk to kraftverk, idrettsanlegg og friluftsareal. Til alt hell vart ingen menneske skadde elelr drepne, men marginane var små.
NVE og vegvesenet sette straks i gang med å rydde og byggje opp att Utvik, saman med private aktørar, men det er likevel rekna at det vil gå eit par år før bygda Utvik er tilbake i reparert tilstand. Fjordingen var tett på uveret frå første dag, og har i tillegg til å skildre dramaet og utfordra maktapparatet på prioriteringar elelr mangel på slike under gjenoppbygginga særleg av veg og bruer.
Konkurs
Moods of Norway har dei siste åra vore moteikon i Stryn og Norge. Moods-gjengen tok mote-Norge med storm med sine spesielle klede, og vart og plukka ut til å levere både OL- og VM-kolleksjonar til dei norske idrettsutøvarane.
Etter mange år med samanhengjande vekst og eventyrlege overskot, snudde pilene dei siste par-tre åra feil veg. Moods hadde blitt for store samtidig som krona over tid hadde svekka seg mot dei valutaer firmaet gjorde innkjøp i. I september small bomba. Moods of Norway var konkurs. I ettertid fekk ei gruppering innafor Moods tilslaget på å kjøpe sitt eige konkursbu, og seinhausten og vinteren er brukt til å restrukturere eit Moods of Norway som tel betydeleg færre butikkar, og som vil gå tilbake til røtene og satse utelukkande på herreklede.
Fjordingen var først ute å fortelje om konkursen i Moods, og var ute med å fortelje om det nye selskapet som vert skipa i etterkant.