Fjordabladet

Fjordabladet held til på Nordfjordeid, midt i Nordfjord, og er den eldste avisa i Sogn og Fjordane. Fjordabladet sin redaksjon hadde fire faste journalistar, i tillegg til ny ansvarleg redaktør/dagleg leiar som begynte 1. april. Fram til 1. august hadde vi også ein journalist i engasjementstilling.

Fakta
Samlet opplag 2470
Utgiversted Nordfjordeid
Ansvarlig redaktør Ingebjørg Nilsen Stokkenes (48)
Eid, Selje
Kommer ut Tysdag og fredag
Daglige lesere totalt
Daglige brukere på nett
Daglige brukere på mobil
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 2772
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 98
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 270

    Mål og prioriteringer

    Fjordabladet skal vere først ute med dei viktigaste lokale nyhenda. Vi skal ha hovudfokus på nyhende, men ha ei god blanding av gode og nære reportasjar, sport og kultur. Vi skal følgje folk i vårt område frå vogge til grav. Vi skal prioritere både viktige saker frå næringslivet og møte med menneske, unge og eldre. Vi skal engasjere og begeistre – kvar dag. For oss er det avgjerande viktig å vidareføre den tette lesarkontakten vi har, og vere til stades i lokalmiljøet. 

    Vi kan sjå tilbake på eit krevjande år, med store endringar og ny redaktør, der talet nye abonnentar har hatt ein jamn auke. Det er gledeleg å konstatere.

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    Vi skal levere god lokal journalistikk på alle plattformer. Målet har vore å ha meir omfattande oppdateringar av nyhendesaker på nettsida vår, og det har vi klart.

    Dette året har vi innført plan for nettsaker, og er bevisste på kva saker som skal plussast. 

    Målet har vore å strekkje oss til å lage eit endå betre redaksjonelt produkt. Tilbakemeldingane og det auka talet på abonnentar viser at vi har lukkast, men vi skal strekkje oss endå lenger.

    Legg til i min rapport

    Saker som har prega våre spalter i 2017

    Kommunegrenser: Den store følgjetongen har vore endring i kommunestrukturen i 2017. Eid og Selje som no er vedtatt slått saman frå 2020 til nye Stad kommune, ei svært overraskande vending som få tenkte var mogleg då ideen var skapt. Og på tampen av året vart det bestemt at også Bryggja i Vågsøy skal bli ein del av den nye kommunen. Endringar av kommunegrensene har ført til eit uvanleg stort engasjement i spaltene våre både på papir og på nett, der vi også har skjela til kva som blir gjort i kommunane rundt oss. 

    Opning av nye Hogatunet bu og behandlingssenter var også ei viktig hending  i fjor, det største byggeprosjektet i Eid kommune på førti år. Og der vi som lokalavis var raskt ute og sette spørsmål om innhaldet, då vi fekk signal om tøff start og dårleg bemanning. 

    Spaltene har også vore prega av at vi er i ein kulturkommune, med Malakoff Rockfestival , Opera Nordfjord og no med våre eigne vinnarar frå Eid to år på rad i Melodi Grand Prix junior.

    Engasjert næringsliv, eit utvida kjøpesenter og høgare etableringsvilje, samferdsle med ferjeproblematikk er også tema som har vore gjengangarar gjennom året.

    For Fjordabladet er det viktig å vise ein god miks av saker, enten det er alle dei frivillige som tar i eit tak for lokalsamfunnet, bygging av ny gangveg eller kamp om funksjonar og arbeidsplassar ved lokalsjukehuset.

    Prisar

    Fjordabladet frå 1874 fekk Eid kommune sin kulturpris for 2017!

    Dette var svært gledeleg og ei stor ære. Denne prisen er først og fremst til Fjordabladet som lokal kulturbærar gjennom over 140 år. Kulturprisen viser at vi gjer ein viktig jobb for lokalsamfunnet. Som den eldste avisa i Sogn og Fjordane er vi ein viktig kulturbærar. Kultur er heilt avgjerande for å skape gode og livskraftige lokalsamfunn.

    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    I likheit med andre aviser i landet har også Fjordabladet vore i full gang med omstilling.

    Frå januar 2017 var det igjen nye tider for avisa, med omlegging av produksjonssystemet , talet på tilsette blei redusert, samtidig som Fjordabladet skifta bladbunad og ein fekk eit nytt og meir moderne preg på papiravisa.

    Til tross for omstilling meir mot nett, har Fjordabladet vore tru mot alle som held papiravisa. Og med endra kommunestruktur til ein større kommune ser vi potensialet til fleire abonnetar og at Fjordabladet skal halde fram med å vekse.

    Vi skal også i framtida spele ei svært viktig rolle i lokalsamfunnet, og vere «lim og lupe» i lokalmiljøet. Folk sal føle dei må ha avisa for å følgje med på det som skjer av stort og smått.

    Etikk

    Fjordabladet hadde ikkje PFU-saker i året vi har bak oss.

     

    Ingebjørg Nilsen Stokkenes, redaktør/dagleg leiar

    Legg til i min rapport