Sunnmøringen
Sunnmøringen sitt primære dekningsområde er Stranda kommune, som omfattar bygdelaga Stranda tettstad, Geiranger, Liabygda og Sunnylven. Vi dekkjer hendingar gjennom papiravisa, som kjem ut ein gong i veka på torsdagar. Vi har òg ei nettavis som blir jamleg oppdatert i løpet av døgeret, med òg aktuelle saker frå nabokommunane til Stranda – som Hornindal, Norddal, Stryn og Stordal.
Sunnmøringen var i mange år ei avis som kom ut to dagar i veka, onsdag og laurdag. I mai 2016 endra vi frekvens til ein gong i veka. Dette har frigjort ressursar i redaksjonen til fokus på nettarbeid, og har gitt eit fyldigare produkt på papir til våre lesarar. I fjor sende Sunnmøringen sin redaksjon til saman 1060 sider til prent, i tillegg til å ha ei oppdatert nettavis.