Kva vil endring av kommunegrensene bety for Fjordenes Tidende som har ein sterk fot inn i alle fire kommunane som vi dekker i dag, og som i ei eller anna form er involvert i endring av kommunegrensene? Kva vil dette bety fram til 2020 og ikkje minst etter 2020 då dei nye grensene er på plass? Vil dei nye grensene endre vesentleg på identiteten til folk og oppfatninga til kva ei lokalavis skal vere og levere? Vi må nok endre oss og tilpasse oss dei nye grenser.
Fjordenes Tidende vart starta i 2010. Avisa har eit godkjent opplag for 2017 på 4.471. Redaksjonen består av fem journalistar pluss redaktør. Vi brukar i tillegg ein del faste frilansarar. Vi vil vere ei av to lokalaviser i dei to nye kommunane.
Dette blir ein ny situasjon. I Stad kommune er vi nummer 1 avis i eine delen av kommunen, i Selje, og Fjordabladet har denne posisjonen i den andre delen av kommunen, Eid kommune. I Kinn kommune har vi nummer 1 posisjon i nordre deler av den nye kommunen, dagens Vågsøy kommune. I søre deler av kommunen, Flora kommune, har Firdaposten denne posisjonen. Store avstandar og lang reisetid vil gjere det vanskeleg for begge redaksjonane og dekke alt i heile nye Kinn kommune like godt som vi gjer i hovudkommunane i dag. Med bil tek to timar å køyre ein veg mellom dei to kommunesentera, altså meir enn fire timar tur-retur. Skal ein reise kollektivt er det tre båtruter for dag som tek over ein time kvar veg. Både Fjordenes Tidende og Firdaposten har i tillegg sterke posisjonar i kommunen som deler den nye Kinn kommune i to, i Bremanger kommune.
Vi tenker at vi må lage redaksjonelt innhald bygd på identitet, kultur og felles interesser der vi har storparten av abonnentane. Vi må vere opptekne av viktige utfordringar og vedtak som angår folk i området vi dekker i dag. Vi må vere tett på næringsliv, idrett, kultur, samferdsle, skule, pleie og omsorg, barn, unge og eldre, folkeliv og personar som gjer spesielle ting i nedslagsfeltet der vi har flest abonnentar, i ytre Nordfjord og Bremanger. Vi må vere lokale i det området der folk oppfattar oss som lokalavisa si. Sjølv om Vågsøy slår seg saman med ei Sunnfjordkommune så vil storparten av folk i Vågsøy framleis vere Nordfjordingar. Såleis trur vi at folk i Vågsøy gjerne vite kva som skjer både i den nye Stad kommune og i Bremanger som i dag også etter grenseendring. Det er også sagt at sjølv om Vågsøy blir ein del av Kinn, så skal dei kommunale tilboda etter 2020 vere som før 2020, og folk skal få løyst alle sine oppgåver i den delen av den nye kommunen som dei bur i. Sjølv om det står i intensjonsavtalen at nye Kinn kommune vil løyse alle interkommunale oppgåver sjølve, så er det seinare sagt at det vil bli samarbeidsprosjekt for nordre Kinn med dei andre Nordfjordkommunane.
Utfordringa for oss blir å halde våre lesarar i nye nordre Kinn oppdatert på kva som skjer i søre deler av den nye kommunen. Det blir såleis utfordrande at vi kan skape felles identitet, felles kultur og felles entusiasme med så store avstandar og med så lite kjennskap til kvarandre.
Ved utgangen av 2017 har vi fokus på å lage ny publikasjonsstrategi. Vi har også tett dialog med dei to andre lokalavisene som blir ein del av dei to nye kommunane. Vi har vurdert og vurderer eventuelt samarbeid med kvarandre i ulike former.
Av Erling Wåge, ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende